Vil skape arbeidsplassar

Sondre Birkeland og Alf Gunnar Lofthus går saman om eit byggfirma. Målet er å bygge seg store med plass til både tilsette og lærlingar.

Duoen er saman om det nystarta byggfirmaet Byggmester Sondre Birkeland AS.

– Me veit at det ikkje kjem til å skyte i taket frå starten av. Me skal jobbe hardt for det, men det må vere lov å drøyme. Det hadde vore fantastisk om me ein dag kan ha åtte-ti tilsette. Det er nok meir realistisk at me etter kvart blir seks personar. Då kan me ha to arbeidslag, seier Birkeland.

Det er Birkeland som er firmaets daglege leiar. Sidan januar har dei vore i full sving med 100 prosent jobb i det nye firmaet. Men dei to er ikkje ukjente for kvarandre. Dei to siste åra har dei jobba tett saman, sjølv om begge har vore sjølvstendig næringsdrivande.

I nær framtid tar det nystarta firmaet sikte på å tilsette ein utdanna fagmann, i tillegg til at dei ønsker å ta inn ein lærling frå byggfaglinja ved Sauda vidaregåande skule.

I dag gir Ryfylke Bygg AS og Hellvik Hus lærlingar sjansen i byggebransjen i Sauda. Birkeland trur dei kan bidra til å utvide tilbodet og moglegheitene for elevane.

At byggmarknaden i Sauda er krevjande er ikkje til å stikke under stol. Stadig fleire aktørar slår seg ned og pressar prisane og utfordrer kvaliteten på arbeidet. Birkeland er klar på at dei også vil sjå til nabokommunen etter jobbar.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.