*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
DELTE MEININGAR: Sauda vurderer ei samanslåing med Suldal. Men Suldal vil ikkje vurdera dette. Dei ville gjerne hatt med Hjelmeland, men det vil ikkje Sauda. (Foto: Frank Waal)

Vil ikkje vera åleine med Sauda

Tidleg i prosessen var ei samanslåing med Sauda eit alternativ for Suldal. Det er det ikkje leng

– Me arbeider nå med to alternativ når det gjeld kommunesamanslåing: Null-alternativet og ei samanslåing med Sauda, Etne og Vindafjord, seier Gerd Helen Bø (Senterpartiet), ordførar i Suldal kommune.

Alle norske kommunar blei hausten 2014 invitert til å starta prosessar for å sjå om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. I fjor bestemte kommunane seg for kva samarbeidskonstellasjonar dei eventuelt ser føre seg. Målet er at kommunane endeleg bestemmer seg for eit alternativ innan juni i år .

Sauda har aller helst ønska å forbli ein eigen kommune, men har også hatt følgande konstellasjonar opp til vurdering: Sauda og Suldal og Sauda, Suldal, Etne, Vindafjord.

Suldal kommune har også vurdert fleire alternativ. Då suldalspolitikarane diskuterte saka i fjor vår, hadde rådmannen deira lagt fram tre forslag: Eitt om å stå åleine, eitt om å slå seg saman med Sauda, Etne og Vindafjord og eit om å gå lag med Sauda. Dåverande ordførar Torkel Myklebust la fram forslag om å ta Hjelmeland med i Sauda-alternativet, og fekk politikarane i Suldal kommunestyre med på dette.

Men Sauda var raskt ute med å avvise ei slik muleg samanslåing med Suldal og Hjelmeland. Denne delen av kommunesamanslåing-debatten kom like i kjølvatnet av Riksveg 13-kranglinga mellom dei to nabokommunane Sauda og Suldal.

– Akkurat i dag må eg innrømma at dette og Sauda sitt riksveg 13-utspel dempar lysta på eit framtidig kommunesamarbeid, sa dåverande ordførar i Suldal, Torkel Myklebust, til Ryfylke i mars i fjor.

Dagens suldalsordførar Gerd Helen Bø stadfestar at Suldal ikkje lenger ser det som aktuelt å gå i eit tospann med nabokommunen Sauda.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.