*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TYDELEG JA TIL SULDAL: Pedagogisk-psykologisk teneste i Sauda med Bente Baaserud (til venstre) og Anne Skree er overbeviste om at eit interkommunalt samarbeid med Suldal er svært viktig for deira tenestetilbod. (Foto: Even Emberland)

Positive til samarbeid

For PP-tenesta i Sauda kan eit samarbeid med Suldal knapt komme raskt nok. Barnevernet har derimot ikkje endra syn på saka.

Saka var oppe i kommunestyret i Suldal i slutten av januar. Der gjorde politikarane det klart at dei ønsker ei felles barnevern- og PP-teneste med Sauda.

Nabokommunen foreslår at Suldal blir vertskommune for pedagogisk-psykologisk teneste, medan Sauda får same rolle for barneverntenesta. Tilsette i dei ulike tenestane vil etter Suldal sitt forslag vere tilsett i vertskommunen.

Suldal-politikarane vil vidare at det skal vere kontor for begge tenestene i begge kommunane. Det gjer at tilsette i PP-tenesta i Sauda kan møte på jobb både i Sauda og Suldal etter behov.

Ryfylke skreiv i haust om at verken barnevernet i Sauda eller Suldal såg på ein vertskommunemodell som ei optimal løysing. Det har ikkje endra seg for nokon av dei, og barnevernet i Sauda står på at dei heller ser mot andre kommunar.

– Me har ikkje endra syn på saka. Me ønsker å vere ein eigen barnevernsteneste og sjå mot kommunar på Haugalandet og Karmøy for eit tettare samarbeid, seier Hege Michalsen, barnevernsleiar i kommunen.

Pedagogisk-psykologisk teneste i Sauda er positive til ei samanslåing og vertskommunemodellen. For Bente Baaserud, som er fagleiar og PP-rådgjevar for PP-tenesta, kan ikkje eit interkommunalt samarbeid komme raskt nok.

– Det hastar for oss å finne ei løysing, for det tar tid å bygge opp ei god teneste. Me er nøydd til å få eit interkommunalt fagmiljø på området for å klare å tilby alle tenestane me nå skal ha, forklarer Baaserud.

Mellom anna peiker fagleiaren på at eit interkommunalt samarbeid vil styrke moglegheita til å tilby tenester som foreldreveiledning og kursing av personal i barnehagar og skular med tanke på barn og unge med lære- og/eller psykiske vanskar.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.10