PLANLAGT BUSTADFELT: Det er i dette området mellom Rødstjødna og båthamna at D-S Eiendom, med Dagfinn Birkeland i spissen, ønsker å etablere bustadfeltet Nestjødnane. (Kart: Kon-Sul)
PLANLAGT BUSTADFELT: Det er i dette området mellom Rødstjødna og båthamna at D-S Eiendom, med Dagfinn Birkeland i spissen, ønsker å etablere bustadfeltet Nestjødnane. (Kart: Kon-Sul)

Forstår ikkje fylkesmannen

Dagfinn Birkeland begriper ikkje at fylkesmannen ønsker å stanse bustadbygging i området Nestjødnane.

D-S Eiendom med Dagfinn Birkeland i spissen ønsker å etablere eit bustadfelt med rundt 50 bueiningar på Nestjødnane. Fylkesmannen i Rogaland går imot utbygginga og meiner området har friluftslivverdiar.

– Det er heilt uforståeleg. Eg har sett igjennom argumentasjonen til Fylkesmannen og det er syltynt. Denne argumentasjonen kunne blitt brukt på heile Sauda. Me har slike friluftsverdiar i nesten heile kommunen, seier Birkeland.

Fylkesmannen viser til at Fløgstadåsen og nærområdet er eit artsrikt naturområde med viktige naturkvalitetar og eit stort artsmangfald av dyr og fuglar. Området skal ha ein tettheit av ei rekke fugleartar som for eksempel songarar, meisar og andre spurvefuglar som finkar, sisikar og trostar.

I tillegg er det mykje gammalskog med edelløvskog i dei nedre områda og furu lenger oppe. Fylkesmannen viser også til at Rødstjødna, som ligg nær området, er ein rik kulturlandskapssjø med viktige vegetasjonstypar og stort artsmangfald. Rødstjødna har ifølge Fylkesmannen ein botngrassjø og ligg i eit distrikt kor det elles ikkje finst elektrolytrike innsjøar.

Dagfinn Birkeland viser til at desse fugleslaga og skogen er i store delar av Sauda kommune.

– Har dei vore i Sauda og sett? Me kan ikkje drive med utbygging i Sauda dersom denne argumentasjonen skal bli vektlagt. Hadde det vore raudliste-artar hadde eg forstått meir, men ikkje spurvar og finkar, seier Birkeland.

Han viser til Nord-Jæren der dyrka mark blir lagt ned for å bygge bustader.

– I Sauda har me nulltoleranse for å bygge på dyrka mark. Me har nesten nulltoleranse for å bygge der det er skogbruk. Området ved Nestjødnane er ikkje eit viktig friluftsområde og er godt egna til bustadutbygging, seier Birkeland.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.