*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SOLBAD: Lars Reidar Fosstveit og Sauda skisenter er klare for travle dagar i vinterferien med strålande solskin etter ein krevjande start på sesongen. (Foto: Even Emberland)

Nå skin sola på skisenteret

Årets sesong har vore svært krevjande for Sauda skisenter. Då er det ekstra kjekt for dagleg leiar for drifta, Lars Reidar Fosstveit, å sjå at eit strålande vintervêr skal omfamne Sauda i vinterferien. (Foto: Even Emberland)

Etter eit par krevjande månader har Kong Vinter endeleg velsigna Svandalen og Sauda Skisenter.

For den kommande vinterferieveka melder meteorologisk institutt at solskinnet skal jage skyene på flukt, vinden vil knapt puste og gradestokken siktar på nokre kalde blå i Svandalen.

Det ligg an til å bli ei draumeveke for dagleg leiar, Lars Reidar Fosstveit.

– Det er ingen hemmelegheit at det ikkje har vore nokon rekordsesong så langt. Det er kunstsnøen som har gjort at me har kunne bruke nedre del slik me har gjort. Nå ser vêrmeldinga veldig, veldig bra ut for vinterferien, det vil vere fantastisk. Folk får endeleg tid og moglegheit til å komme seg ut, så me håper at dette blir bra, seier Fosstveit.

For det er ikkje til å stikke under stol at det har vore nokre trasige vintermånader så langt for skisenteret.

Det såg lovande ut då kunstsnøproduksjon gjorde at dei fekk opna alt i november. Men ustabilt vêr med mykje mildvêr og kraftige regnfall kombinert med kuldeperiodar kor natursnøen har glimra med sitt fråvær, har gjort dei to siste månadene vanskelege for skisenteret.

– Det har vore trist og krevjande, og det er klart det er utfordrande å drive skisenteret når det er slik. Det går litt på motivasjonen laus. Difor synest me det er veldig, veldig kjekt at det nå ser ut til å bli ein bra vinterferie, forklarer Fosstveit.

Han opplyser at dei vil vere godt fornøgde om rundt 1 000 personar besøker skitrekket kvar dag i ferieveka.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.