Det kommunale brannvesenet har i samarbeid med det kommunale vassverket islagt grusbanen. Nå håper dei flest muleg tar i bruk den nye skøytebanen.
– Det eine er at me synest det er kjempekjekt å legge til rette for skøyting i sentrum. Det andre er at me tenker førebyggande. Me ønsker heller at barn bruker denne skøytebanen enn at dei går på isen andre stader, seier varabrannsjef Inge Seim.
Måndag føremiddag var Ryfylke innom skøytebanen.
– Kjempebra tiltak, rosa foreldra som stod på sidelinja.
– Kjempegøy med skøyteis, var konklusjonen til barna på isen.
Vinterferien har starta med strålande sol.
– Er det dumt eller deilig med skulefri?
– Det er kjempedeilig. Me kan sove lenger om morgonen og ha besøk litt lenger om kveldane, seier Ane Schibevaag Søndenå.
Varabrannsjef Inge Seim er fornøgd med at dei har fått etablert eit trygt skøytealternativ i sentrum.
– Me prøver å få til at lyskastarane blir skrudd på om kveldane, seier Seim.