Usikre arbeidsplassar

Rysteg kan måtte seie opp tilsette som ein følge av endringane som er gjort i bransjen for attføringsbedrifter.

Som arbeidsminister fekk Robert Eriksson (FrP) gjennom ei forskriftsendring som gjer at arbeidsmarknadstiltak blir lagt ut på anbod. Dermed har ikkje Rysteg monopol på tiltakstilboda i Sauda og Suldal slik dei tidlegare har hatt det.

Eit anna moment er at området for tiltaka som blir lagt ut på anbod har blitt langt større. I dag har Rysteg Sauda og Suldal som sitt nedslagsfelt, men anboda er samla for Haugesund, Vindafjord, Suldal og Sauda. Det gjer det vanskeleg for Rysteg å konkurrere med bedrifter med større økonomiske musklar.

– Det er problematisk for oss at det har blitt ein stor region samstundes som det er få anbod ute samanlikna med andre bransjar. Me føler oss litt små, for det er krevjande å kjempe mot store aktørar frå både Austlandet og i fylket, seier dagleg leiar i Rysteg, Håvard Rosnes.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.