I FARE FOR Å BLI LAGT NED: Administrerande direktør i Bartec Technor, Halvor Lunde, bekrefter at avdelinga i Saudasjøen med tilhøyrande arbeidsplassar kan bli lagt ned. (Foto: Even Emberland)
I FARE FOR Å BLI LAGT NED: Administrerande direktør i Bartec Technor, Halvor Lunde, bekrefter at avdelinga i Saudasjøen med tilhøyrande arbeidsplassar kan bli lagt ned. (Foto: Even Emberland)

Technor kan ryke

Bartec Technor si avdeling i Sauda, som har fleire titals arbeidsplassar, kan bli lagt ned.

Bartec Technor i Sauda kan leggast ned. Det opplyser administrerende direktør i Bartec Technor, som har sitt norske hovudsete i Stavanger, Halvor Lunde.

– Det foregår ei vurdering av om me skal legge ned avdelinga i Sauda. Me har ein prosess kor me evaluerer dette. Utover det har eg ingen kommentar, seier Lunde til Ryfylke.

Avdelinga i Sauda hadde i fjor sommar 37 tilsette, men det siste halve året har vore ei svært krevjande tid, både for firmaet generelt og avdelinga i Sauda. I Sauda permitterte dei i sommar ni tilsette. I haust blei ytterlegare arbeidstakarar permitterte.

Sauda-avdelinga har 90 prosent av produksjonen knytta opp mot oljeindustrien. Dei produserer sikkerheitsteknologi, og lagar mellom anna komponentar som blir brukt i eksplosjonsfarlege område i oljeindustrien.

– Det er ikkje så god stemning her nå. Me ser ingen håp om noko lysning på lang tid. Fleire store kundar har ikkje arbeid neste år, så 2016 blir eit tungt år, sa fabrikksjef i Sauda, Steinar Enlid, til Ryfylke då det i haust blei klart at Bartec Technor måtte permittere fleire.

Nå har den sentrale leiinga gitt fabrikksjefen i Sauda og dei lokalt tilsette munnkorg. Fabrikksjef Steinar Enlid viser til administrerande direktør Halvor Lunde for ein kommentar.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.