Etter ein svak start på driftssesongen blei vinterferien ein opptur for Sauda Skisenter.
– 100 prosent klaff. Eg er veldig fornøgd, seier dagleg leiar Lars Reidar Fosstveit.
Dårleg vêr har prega vinteren og besøkstala i Sauda Skisenter så langt. Derfor var det ekstra viktig for skisenteret at dei fekk fint vêr under vinterferien. Då vinterferieveka for skulane i Rogaland starta for ti dagar sidan kom sola som bestilt.
– Både vêret og føret har vore fantastisk bra gjennom mesteparten av veka, konstaterer Fosstveit.
Han hadde 9 000 besøkande som målsetting gjennom ferieveka. Telleapparatet viser at det var 11 000 besøkande i løpet av dei ni dagane.
Fosstveit kan også rapportere om få skader og uhell i løpet av den godt besøkte veka. Før sesongstart monterte skisenteret eit nytt transportband som gjer at dei besøkande kan bruke trekket midt i traseen utan å måtte renne heilt ned.
– Skibandet har fungert godt og har blitt veldig godt mottatt, men me treng ennå litt meir erfaring med å drifte det, konkluderer Fosstveit, etter å ha testa det ut med mange besøkande i anlegget.
I helga kom det 80-90 centimeter snø, noko som gjer at Sauda Skisenter har svært gode snøforhold.
– Det er utfordrande når det kjem så mykje snø, særleg fordi ikkje alle besøkande respekterer at me må tenke på sikkerheit og legg inn restriksjonar kor folk kan renne på ski. Me må heile tida vite kor me har dei besøkande i anlegget. Sikkerheit må komme først, seier Fosstveit.
På grunn av at påsken kjem tidleg i år, håper nå Fosstveit på at det blir fint vêr framover, ikkje minst for å kompensere for den dårlege sesongstarten.
– Det er fantastiske forhold i anlegget nå. I tillegg er det meldt fint vêr på langtidsvarselet. Me er derfor optimistiske, seier Fosstveit.