KJØRTE PÅ SJØEN: Ulukka skal ha skjedd cirka tre kilometer frå Sandeid. (Foto: Ryfylke-tipsar)
KJØRTE PÅ SJØEN: Ulukka skal ha skjedd cirka tre kilometer frå Sandeid. (Foto: Ryfylke-tipsar)

Saudamann døydde i ulukka

Ein 35 år gammal saudamann døydde i kveld etter å ha kjørt på sjøen mellom Vikedal og Sandeid onsdag morgon.

Ulukka skjedde like før klokka 09 i dag, onsdag.

Bilen til saudamannen kjørte av vegen rundt tre kilometer utanfor Sandeid, og hamna i sjøen, 100 meter lenger nede. Ein stor redningsaksjon blei sett i gang, og mannen låg under vatn i nær ein time før han blei berga opp.

Han blei flydd til Haukeland universitetssjukehus med kritiske skader.

Sjukehuset melder nå, like etter klokka 22.00, at mannen er død og at dei pårørande er varsla.

Saudamannen var åleine i bilen då ulukka skjedde.