*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SIKRAR RENN: Ragnar Fosstveit i Sauda Ferie & Fritid har tatt på seg ansvaret for Fjellrennet. (Foto: Even Emberland)

Heilomvending: Fjellrennet blir arrangert

Ragnar Fosstveit og Sauda Ferie & Fritid sikrar at den tradisjonsrike påsketuren ikkje forsvinn.

I haust bestemte Eramet sitt bedriftsidrettslag seg for at dei ikkje lenger vil arrangere Fjellrennet som ein følge av at arrangementet har blitt for stort for dei som bedriftsidrettslag. Nestleiar i bedriftsidrettslaget og drivkrafta i dei siste åras arrangement, Ivar Øvrebø, var samstundes tydeleg på at dei hadde både pengar og hjelp til dei som måtte ta over arrangementet.

Lenge såg det mørkt ut, og då langrennsgruppa i Sauda IL i oktober sa nei til å stå som ansvarlege for rennet, såg det ut for at håpet for å sjå den 64. utgåva av Fjellrennet i årets påske var ute.

Nå kan Ragnar Fosstveit i Sauda Ferie & Fritid fortelle at det likevel blir noko av det tradisjonsrike rennet.

– Det hadde vore for dumt om det bare skulle skli vekk. Bedriftidrettslaget gjorde ein veldig god jobb med rennet dei siste åra. Då kjennest det viktig at det held fram, i tillegg til at det sjølvsagt har betydning for Sauda og reiselivet at me har ulike typer arrangement, seier Fosstveit.

Langrennsgruppa til Sauda IL vil stå som arrangør av rennet, slik at heilårs- eller eingongslisens kan følge kvar deltakar. Det vil gjere at alle som går turrennet er forsikra.

Leiaren av Sauda Ferie & Fritid har sysla med overtakinga i lenger tid, men det er først dei siste vekene at det har materialisert seg. Nå har dei fått på plass nye folk i dugnadsgjengen. I tillegg er dei fleste av dei som dei siste åra har vore avgjerande for Fjellrennet med vidare.

– Det er kjekt at me har fått det på plass. Det har blitt eit tradisjonsrikt renn som også er litt uhøgtidleg. Det er ikkje bare startnummeret som er viktig, men det er heile turen og opplevinga, forklarer Fosstveit.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.