Vil ruste opp for 700 millionar kroner

Ordførar Asbjørn Birkeland og hans kollegaer i Suldal og Vindafjord er einige om ein plan for å utbetre ulukkesvegen.

Under helgas årsmøte til Rogaland Senterparti presenterte ordførar Asbjørn Birkeland saman med ordførarane i Suldal og Vindafjord, Gerd Helen Bø (Sp) og Ole Johan Vierdal (Sp), ei felles einigheit om å utbetre og ruste opp Fylkesveg 46 og Fylkesveg 520 overfor Haugesunds Avis.

Utspelet kom få dagar etter at vegen krav nok eit liv då ein saudamann i førre veke køyrde av vegen og utfor ein skrent i Vindafjord.

Dei tre ordførarane er einige om sju aktuelle tiltak for å høyne standarden på vegen og har sett dei i prioritert rekkefølge. Tiltaket som har førsteprioritet er vegstrekninga frå Svandalen-krysset og ut til Svandalsfossen.

Totalt anslår ordførarkollegaene at det vil koste 700 millionar kroner å realisere utbetringane og opprustingane dei er saman om.

– Me er einige om at det er naturleg å starte med Sauda. Det er ikkje gul midtstripe, vegen er smal, to vogntog kan ikkje møtast, det er folk som bur der og ein skuleveg for barn. Det er ei strekning som er veldig dårleg. I tillegg har du dette med at vegen kan bli stengt når det er mykje vatn i Svandalsfossen, forklarer Asbjørn Birkeland.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.