*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FREDAGSSTENGT: Frå nest veke av må laboratoriet halde stengt kvar fredag som ein følge av endringane i postlova. (Foto: Even Emberland)

Må stenge oftare

Posten kjem ikkje lenger fram på laurdagar. Det gjer at laboratoriet på Sauda legesenter må stenge på fredagar.

Posten Norge avviklar postombringing på laurdagar frå 5. mars. Det betyr at brev og annan post kjem i postkassen på måndag i staden for på laurdag.

Det rammar mange, mellom anna laboratoriet i Sauda. Dei ser seg nøydd til å stenge på fredagar frå og med 11. mars som ein følge av avviklinga.

Det er ikkje mogleg for dei å ta blodprøvar på fredagsom blir sende eller vidaresende på laurdag.

– Me sender blodprøvane til Haugesund, så sender dei mange av prøvane vidare, til dømes til Bergen. Det gjer at posten ikkje når fram i løpet av fredagen, og då blir blodet for gammalt og ubrukeleg som blodprøve, forklarer einingsleiar ved Sauda legesenter, Olivia Obtinario.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.