Weldone vann storkontrakt

Den 5,5 tonn tunge luka skal monterast i botnen av ei seksti meter djup sjakt – midt ute på Hardangervidda.

– Dette kan vera starten på noko stort. For oss er dette blitt eit viktig prestisjeprosjekt. Oppdraget gir oss nok meir på økonomisida enn det aukar sysselsettinga, men endå meir viktig er det at me får auka kompetansen vår, hausta erfaringar – og får viktige referansar på denne typen jobbar, seier Amund Fattnes.

Han er dagleg leiar ved den mekaniske og industrielle bedrifta Weldone i Saudasjøen.

Då Statkraft sette oppdraget ”Breiavatn luke” ut på anbod i november i fjor, var Weldone ei av tre bedrifter som konkurrerte om jobben. I midten av januar blei det klart at saudabedrifta fekk oppdraget.

– Det er veldig kjekt å sjå at ei saudabedrift er konkurransedyktig på denne typen komplekse oppdrag. Dei var i sterk konkurranse med anerkjente leverandørar med brei erfaring på dette området, seier Ola Martin Øverland, saudabu og Statkraft sin leiar for lukeprosjektet.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.