Her vil ingen bli saudabuar

Kommuneøkonomi gjer at Hylsstronda ikkje vil bli kasta ut av Suldal og inn i Sauda.

Kommunestyret i Suldal har spurt rådmannen om å greie ut alternativet med grensejustering kor grenda Hylsstronda vil bli ein del av Sauda.

Det er eit alternativ som møter kraftig motstand blant dei som bur i det aktuelle området. I dag høyrer grenda, som er området frå Tangen til og med Tengesdal langs Hylsfjorden, til Suldal kommune.

Hylsfjorden grendeutval med leiar Leiv Einar Drarvik har sett ned ei aksjonsgruppe som i går, torsdag, presenterte sitt syn på saka overfor dei som jobbar med kommunereforma i Suldal.

– Poenget vårt er absolutt ikkje å vere negative til Sauda. Tvert imot, me har ingenting imot Sauda, men for grenda vår er det best å vere del av Suldal, understreker Drarvik.

Grendeutvalet og aksjonsgruppa er tydelege på at det er økonomiske argument som veg tyngst i spørsmålet om grensejustering og kva kommune Hylsstronda skal høyre til i. Ifølge Drarvik har Suldal kommune investert rundt 15 millionar kroner i Hylsstronda dei siste ti åra.

– Grusomt enkelt sagt er det økonomien til Suldal som gjer at me føretrekker Suldal. Dei har ein romslegare økonomi samanlikna med Sauda. Suldal har vist vilje og lyst til å satse på grendene i kommunen. Dei har brukt pengar på oss og investert i grendene, forklarer Drarvik.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.