*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
EIGEN KOMMUNE: Fleirtalet i innbyggarundersøkinga ønsker at Sauda held fram som eigen kommune. (Arkivfoto: Frank Waal)

Nærmar seg kommune-avgjerd

Rådmannen føreslår eit innbyggarmøte om kommunesamanslåing alt nå i mars. Ennå er det ikkje bestemt om det skal gjennomførast ei folkeavstemming.

Skal Sauda forbli ein eigen kommune, eller skal bygda slå seg saman med tre nabokommunar?

Det er eit av fleire store spørsmål Sauda må ta stilling til om få månader.

Kommunestyret vedtok i oktober i fjor at Sauda skulle utgreia fem alternativ i kommunereforma. Ettersom verken Suldal eller Vindafjord har ytra ønske om å vera åleine med Sauda, og når ikkje Etne og Vindafjord såg føre seg eit trepart-samarbeid med Sauda, stod ein fort igjen med to bare alternativ.

Det eine er det såkalla 0-alternativet, der Sauda held fram åleine, som eigen kommune. Det andre alternativet er ei muleg samanslåing med Suldal, Vindafjord og Etne.

Etter planen skal kommunane gjera sine vedtak om kommunesamanslåing i løpet av juni i år. Ifølge Sauda-rådmann Wictor Juul er det nå fleire kommunar som innser at dei må utsetta eit endeleg vedtak til hausten, spesielt viss det skal gjennomførast ei folkeavstemming om temaet.

Rådmannen føreslår blant anna at det blir halde eit innbyggarmøte alt i slutten av mars. Tanken er då å informera folk om dei to alternativa som kommunen jobbar med, og å gå gjennom høyringsuttalane som er kome inn i saka.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.