*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SVÆRT POPULÆR LINJE: Sauda vidaregåande skule, med rektor Oskar Waage-Pettersen, har 15 ledige plassar på ambulansefag. Dei blir det tøff konkurranse om etter at 65 elevar har søkt. (Foto: Even Emberland)

Har Rogalands mest populære linje

Likevel har Sauda vidaregåande skule utfordringar basert på søkertala for neste skuleår.

1. mars gjekk søknadsfristen ut for å søke plass ved dei vidaregåande skulane i landet. 468 har Sauda vidaregåande skule som deira førsteval, dei er såkalla primærsøkarar. Det er ein liten nedgang samanlikna med i fjor då talet var 477.

I ei pressemelding frå Rogaland fylkeskommune kan ein sjå at ambulansefag ved skulen i Sauda er fylkets mest populære programområde om ein ser på forskjellen i prosent mellom antal søkarar og antal plassar.

Sauda vidaregåande skule har 15 plassar på ambulansefag. 65 elevar har søkt.

– Det er knallhard konkurranse om plassane, og karakterane til elevane blir avgjerande. Det er mange folk utanifrå, til dømes frå Stavanger og Haugesund som søker ambulansefag her inne. Det er jo den einaste ambulansefaglinja i fylket, forklarer rektor ved Sauda vidaregåande skule, Oskar Waage-Pettersen.

Basert på antal primærsøkarar, trur rektoren at skulen vil ha omtrent like mange elevar neste skuleår som i inneverande. Nå har dei rundt 430 elevar.

Det eksakte elevtalet for neste år er likevel eit godt stykke frå å vere klart. Først skal elevane få tilbod om skuleplass frå fylkeskommunen, deretter må elevane svare, før fylkeskommunen til slutt må plassere dei.

– Ikkje alle primærsøkarane kjem til å komme inn, til dømes kan me potensielt miste 50 primærsøkarar på ambulansefag. Det er også vanleg at ein del av dei som har Sauda som andreval kjem inn. Difor er det ennå tidleg å seie noko heilt sikkert, men summa summarum ser det greitt ut, seier Waage-Pettersen.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.