21 vil bli kulturhus-sjef

Den splitter nye leiarstillinga i Sauda kommune er populær.

– Me er veldig godt fornøgd, og faktisk litt overraska over at det kom så mange og så mange godt kvalifiserte søkarar, seier Jakob Svandal, kommunalsjef oppvekst og kultur i Sauda kommune.

Stillinga som kommunal kulturhusleiar blei lyst ledig i februar i år. Søknadsfristen gjekk ut tysdag 1. mars. Søkarlista tel totalt 21 namn, av dei 15 kvinner. Tolv personar har heimeadresse i Sauda, medan ein mann, Brynjar Saua, er utflytta saudabu som nå jaktar på jobb i heimbygda. Han jobbar i dag som dagleg leiar i Rogaland Fotballkrets.

Den yngste søkaren er 25 år, den eldste er 59 år.

– Ein grei variasjon i alder, erfaring og bakgrunn. Eg har god tru på at me skal finna ein god kulturhusleiar blant desse namna, seier Svandal.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.