Ventar fleire påskegjester

Båtforeininga har vekst i bestillingar på båtplass frå påsketuristane.

Ei veke før palmehelga viser langtidsvarselet sol og nær ti varmegrader. Sauda Motorbåtforening håper på draumepåske i båthamna.

– I fjor påske var det 85 båtar i båthamna. Det var ein auke samanlikna med året før. I år opplever me enda større pågang, seier båtforeiningas leiar, Thormod Gilje.

Så langt har omlag 50 båteigarar bestilt plass. Det er dei siste dagane før påska at mange bestiller. Mange vil sjå an vêret først.

– I fjor bestilte over halvparten dei siste dagane, opplyser Gilje.

Dei håpar derfor over 100 båtar tar turen inn fjorden for å feire påskeferie i Sauda.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.