Det var i august i fjor at det blei avfyrt eit vådeskot på Sauda lensmannskontor. Ingen blei skada av hendinga, og prosjektilet gjekk gjennom ein politibetjent si bukse og deretter ned i golvet.
I Spesialeininga for politisaker sin rapport, går det fram at hendinga skjedde i kjølvatnet av at ein politibetjent skulle demonstrere forskjellen mellom avtrekket på eit tenestevåpen og eit sivilt våpen for tre andre betjentar.
Politibetjent A lånte politibetjent B sitt våpen for å demonstrere forskjellen sidan han sjølv hadde låst inn sitt eige våpen etter endt vakt ved Sauda lensmannskontor.
Pistolen var ladd då politibetjent A fekk låne den. Han tømte den, og alle såg at den var tom før demonstrasjonen starta, forklarer betjentane.
Etter demonstrasjonen fekk politibetjent B tilbake pistolen sin. Han sette magasinet i våpenet, tok ladegrep, gjorde ein såkalla press-sjekk, sette våpenet i hylsteret og førte over sikkerheitsbøyla på hylsteret.
Politibetjent A og politibetjent C diskuterte samstundes om det er mogleg å få ein finger ned i hylsteret når tenestevåpenet er hylstra. Politibetjent A stilte seg ved sidan av politibetjent B, som nå hadde eit ladd våpen i hylsteret på låret, og førte ein finger ned på innsida av hylsteret og trakk av.
Politibetjent A har i si forklaring sagt at han såg politibetjent B sette det uladde våpenet i hylsteret, og at politibetjent B må ha lada pistolen etterpå, medan han låste inn konkurransepistolen. Politibetjent B forklarer at han ikkje hugsar om han hylstra pistolen før han lada den.
Politibetjenten som avfyrte vådeskotet har vedteke førelegget, ifølge NRK. Politibetjenten blei gitt eit førelegg på 8 000 kroner grunna det spesialeininga karakteriserer som uforsiktig behandling av våpenet. Sauda lensmannskontor har ikkje vore tilgjengelege for ein kommentar tysdag føremiddag.
Politibetjenten erklærte seg ikkje straffskuldig i saka. I etterforskingsrapporten til spesialeininga kan ein lese:
«Han erkjenner ikke straffskyld, og har begrunnet dette i at han håndterte våpenet korrekt ved å tømme og undersøke våpenet da han mottok det fra politibetjent B. At politibetjent B hadde ladet våpenet på nytt i de sekundene A brukte på å låse inn konkurransepistolen var ikke i As tanker. Dette, sammenholdt med at ingen av de øvrige tjenestepersonene, heller ikke B selv, sa noe da A stakk fingeren ned i hylsteret, mener A viser at det var et sett av uheldige omstendigheter som førte til at skuddet gikk av.»
Spesialeininga meiner at politibetjenten si handling er i det nedre sjikt av uaktsomhet. Det blir begrunna med at politibetjenten kort tid før han avfyrte skotet observerte politibetjent B hylstre pistolen uladd.
I spesialeiningas årsrapport for 2015 er det opplyst at dei i løpet av kalenderåret mottok 15 saker frå politiet som gjaldt avfyrte vådeskot etter at beslutninga om midlertidig bevæpning. Felles for alle sakene er at tenestepersonen har gløymt at våpenet har vore ladd, eller at politibetjenten har latt vere å sikre seg om at våpenet er uladd før avtrekket blei gjort.