DUGNADSKORPS: 17. mai blir det korpsmusikk likevel, når gamle korpsmusikantar i bunad stiller opp på musikalsk dugnad. Her frå 17. mai 2013. (Arkivfoto)
DUGNADSKORPS: 17. mai blir det korpsmusikk likevel, når gamle korpsmusikantar i bunad stiller opp på musikalsk dugnad. Her frå 17. mai 2013. (Arkivfoto)

Trommer saman 17.-mai-korps

Gamle korpsmusikantar synest det er for ille at 17. mai i Sauda blir utan korpsmusikk.

Korpsmiljøet i Sauda ligg nede med knekt rygg. Kulturskulen gir opp prosjektet «korps i skulen», som skulle sikre rekrutteringa til korpsmiljøet, på grunn av laber interesse.

I dag er det ingen korps i Sauda og kulturskulen varsla at dei ikkje ville ta initiativ til å samle saman eit 17. mai-korps.

Det har fått gamle korpsmusikantar i Sauda til å reagere. Nå trommer dei saman gamle korpskollegaer.

– Me øver kvar tysdag kveld på Austarheim skule. Dersom nokon har lyst til å troppe opp på øvingane, er det bare å komme, seier Thormod Gilje, som er ein av eldsjelene som trør til.

Sauda var ein gigant i korpssamanheng for få tiår sidan. To aktive skulekorps og eit aktivt vaksenkorps sørga for stilfulle korpsinnslag på nasjonaldagen og på andre festdagar.

I likeheit med resten av landet har korpsmiljø opplevd ein kraftig nedgang i rekrutteringa. Frå å ha eit aktivt korpsmiljø heilt i norgestoppen, er Sauda i dag i ein situasjon der alle tre korpsa er nedlagde.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.