Skal det vere TRE tonn smågodt, Sauda?

Saudabuar har sikra seg før påsken. Extra auka smågodtsalet med 3 125 prosent då priskrigen starta.

At den nasjonale smågodtpriskrigen også nådde Sauda i førre veke, var det ingen tvil om. Daglegvarebutikkane kutta prisane på godteriet til omlag ein fjerdedel av vanleg pris. Det viste igjen på antal kilogram som blei selt i bygda.

Ryfylke kontakta Extra, Kiwi, Bunnpris og Europris på tysdag. Frå priskrigen starta førre onsdag til og med tysdag i denne veka, selde dei fire butikkane 3 000 kilogram smågodt.

– Me får ikkje gjort så mykje frå eller til. Me prøver å halde trykket oppe. Ein sånn priskrig kjem ofte brått på, og det er vanskeleg å førebu seg på det. Me prøver etter beste evne å tilfredsstille kunden, seier dagleg leiar ved Extra, Ivar Bakka.

Alle daglegvarebutikkane i Sauda er kjedebutikkar. Difor følger dei instruksane dei får frå den nasjonale leiinga i den daglege kampen om å vere billigast.

Smågodtsalet i Sauda har vore størst hos Extra. På dei seks aktuelle opningsdagane tala som er henta inn gjeld for, stod dei for drygt halvparten av smågodtsalet. 1 546 kilogram smågodt har runne vekk frå hyllene og lageret til Extra i Sauda.

På dei to dagane i førre veke før priskampen og tilbodet starta, selde dei i snitt åtte kilo smågodt kvar dag. På dei seks dagane som fulgte har det gått omtrent 258 kilogram i snitt kvar dag. Altså ei auke på 3 125 prosent.

Om ein legg til grunn at alt smågodtet som er handla på dei fire butikkane er kjøpt av saudabuar, har kvar saudabu handla drygt 630 gram smågodt på dei seks dagane. Bakka synest at priskrigane blir bare meir og meir ekstreme.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.