– Det manglande engasjementet i Sauda er trist å sjå på. Saudabuen vil helst gøyma seg vekk og la alt vera som det alltid har vore, og viser ingen vilje til å seriøst vurdera dei ulike samanslåingsalternativa. Dette gjeld både politikarar og privatpersonar, seier Rune Bratås.
Han meiner folk må slutta å følga hjarta i diskusjonane rundt kommunesamanslåing. Han vil at folk heller skal begynna å bruka hovudet og følga det han meiner er fornufta i denne saka, nemleg å slå Sauda saman med ein eller fleire nabokommunar.
41-åringen, som driv Sauda Veterinærkontor, har også ei 40 prosent stor stilling som veterinær i det interkommunale miljøretta helsevernet til kommunane Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord. Han meiner alle fire kommunane har store fordelar av å samarbeida om denne typen kompetanse.
– Sauda mistar arbeidsplassar og kompetanse. Den største gulrota i kommunereforma er nettopp at kommunar kan dela på viktig kompetanse dersom dei slår seg saman. Det må vera betre å dela på kompetanse enn å mangla den heilt, meiner han.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.