*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KLAGAR IKKJE: Stian Sola er godt fornøgd med den korte avstanden frå båthamna til skitrekket. Det gjer at han og familien får kombinert båtliv og skikøyring også denne påska. (Foto: Even Emberland)

Ski + båt = Sauda

Sjølv om båtfolket kjem sigande til Sauda, anar ingen kor mange som faktisk kjem.

Måndag føremiddag var det registrert 43 båtar i båthamna i Sauda. Leiar i Sauda Motorbåtforening, Thormod Gilje, seier at det totalt er rundt 60 båtar som har bestilt plass.

Likevel trur han at fleire vil komme. Til dømes kom det langt fleire til båthamna enn dei som bestilte på førehand i fjor, mellom anna som ein følge av det strålande vêret fjorårets påske bydde på.

– Det er eigentleg umogleg å seie kor mange som kjem. Onsdag og langfredag er vanlegvis dagane det kjem flest. Om det blir fint vêr på onsdag, satsar me på at det kjem ein del ekstra båtar, seier Gilje.

Det er også nokre bobilar som nyttar båthamna i påska. Gilje opplyser at det måndag føremiddag totalt var rundt 50 båtar og bobilar knytt til båthamna.

Meteorologisk institutt si prognose for påska fortel at det kun er på onsdag ein kan vente glimt av sol. Elles er vêrvarselet dyster lesing for dei som håper på strålande sol i Sauda gjennom påska.

17 år gamle Stian Sola og hans familie er nokre av dei som har lagt til kai i båthamna. Det er moglegheitene for å kombinere skikøyring og båtliv som trekk familien til Saudafjorden.

– Meg og søstera mi liker å køyre på ski, medan foreldra våre liker veldig godt å vere i båten. Då er det eigentleg ei optimal løysing å vere her i påska, seier Sola.

Familien bur på Rennesøy, og påska i fjor var første gong dei tok båtturen på rundt to timar inn til Sauda.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.