I TET: Tobias Bjønnes fekk høgaste poengsum uansett klasse i første del av Sauda BCC. (Foto: Frank Waal)
I TET: Tobias Bjønnes fekk høgaste poengsum uansett klasse i første del av Sauda BCC. (Foto: Frank Waal)

Bjønnes leiar Sauda BCC

Tobias Bjønnes frå Sauda leiar Sauda BCC etter første av to konkurransedagar.

I dag, fredag, stilte 45 utøvarar til start i Sauda Backcountry Challenge i Svandalen. Ned Varanuten konkurrerte dei i ski- eller snowboardklassen for damer og herrar.

Tobias Bjønnes (24) fekk den høgaste poengsummen i den største klassen, herrar ski. I morgon skal dei konkurrere frå Ravnafjell. Poengsummen frå dei to dagane blir lagt saman.

Bjønnes opplyser til arrangøren at han er overraska, men glad for å leie etter første dag. Bjønnes hadde favorittstempelet før konkurransen, ikkje minst fordi han vann samanlagt-cupen i frikjøring sist sesong, men Bjønnes har slitt med å lukkast på heimebane tidlegare.

I morgon skal også juniorklassen delta når deltakarane kjører ned Ravnafjell. Det er venta mellom 80 og 90 deltakarar.

Resultat topp fem etter første dag:

Herre, snow

1. Torbjørn Paulsen, 69,0

2. Roar Stormo, 60,7

3. Gjermund Daniel Moe, 60,0

4. Bjørnar Elvestad, 47,0

Dame, snow

1. Eline Garlie, 40,0

2. Katrine Gabrielsen, 30,7

Herre, ski

1. Tobias Bjønnes, 84,7

2. Lars Oftedal Bjørum, 74,0

3. Petter Hørthe, 73,3

4. Erlend Brekke, 72,3

5. Simon Johan Rød, 71,7

Dame, ski

1. Martine Gleditsch, 75,0

2. Ida Gunleiksrud, 74,0

3. Marte Fossland, 59,3

4. Mary Birkeland, 41,0