– 60 seniorar og 40 juniorar har meldt seg på. Det er med andre ord heilt fullt, seier Rune Bastlien, rennleiar for Sauda Backcountry Challenge.
Påmeldingsfristen gjekk ut 21. mars. Komande fredag og laurdag vil utøvarane kjempa mot kvarandre i fjellsidene ned frå Varanuten og Ravnafjell. Det blir også i år konkurrert i både ski og snøbrett.
Tidlegare år har arrangøren lagt opp til kvalifiseringskonkurranse fredagen, medan finalane har blitt gjennomført laurdagen, I år skal alle seniorutøvarane i aksjon begge dagane.
– Dei startar fredagen med nedkjøring frå Varanuten. Laurdagen konkurrerer dei ned frå Ravnafjell. Dette betyr at begge dagane tel i konkurransen, slik at vinnaren er den som er best samanlagt. Då får alle prøvt seg i begge traseane, og det blir meir rettferdig, meiner Bastlien.
Juniorane konkurrerer kun laurdagen, og kjører ned Ravnafjell i same trase som seniorane. Bastlien har god tru på at spesielt laurdagen blir ekstra kjekk for publikum.
– Det er veldig kjekt å sjå dei hoppa og spretta nedover fjellsidene, og gjerne tar både doble og triple saltoar på hoppa me har bygd, seier Bastlien.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.