Eit par år etter at EV Eiendom lufta sine tankar om ei storstilt utbygging av Vangsnes-området ved Sauda sentrum, er det nå utarbeidd ein detaljreguleringsplan for området.
Rådmannen anbefaler formannskapet, som skal ha møte onsdag, at planen blir sendt ut på offentleg høyring.
EV Eiendom ønsker å bygge næringsbygg og leilegheiter på området. I første omgang ønsker dei å rive det gamle Statnett-bygget, som Einar Janson seinare kjøpte, og deretter reise eit nytt bygg som skal bli den nye ambulansestasjonen i Sauda.
EV Eiendom har alt inngått ein avtale med Sauda kommune om å bygge ambulansestasjon gjennom sitt datterselskap Vangsnes AS.
Deretter opnar EV Eiendom for at dei etter kvart kan bygge ut området vidare med næringsareal og leilegheiter. Der er alternativa både å bygge på ambulansebygget og bygge ut i form av sjølvstendige bygg.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.