Sauda kommune ønsker å gjennomføre ei innbyggarundersøking om kommunesamanslåing.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har pålagt alle norske kommunar å gjennomføre ein prosess for å sjå om det er grunnlag og vilje til å redusere talet på norske kommunar.
Nå foreslår rådmannen at mellom 300 og 400 saudabuar blir ringt opp og spurt ut kva dei tenker om kommunesamanslåing. Desse saudabuane skal utgjere eit representativt utval av befolkninga når det gjeld kjønn og alder.
Dersom mange nok av desse signaliserer at dei ønsker ei kommunesamanslåing, har rådmannen tidlegare sagt at han vil føreslå for politikarane at det blir gjennomført ei folkeavstemming i september.
Rådmannen foreslår at det blir stilt seks spørsmål til dei 300-400 innbyggarane i innbyggarundersøkinga. I tillegg til at innbyggarane blir spurt om dei ønsker å slå seg saman med Suldal, Vindafjord og Etne, som i dag framstår som det einaste reelle alternativet, vil dei også bli spurt om korleis dei ser på andre alternative kommunesamanslåingar.
I innbyggarundersøkinga forslår også rådmannen at det blir spurt om innbyggarane i Sauda meiner Hylsstronda (Vanvik-kretsen) bør tilhøyre Sauda eller Suldal kommune.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.