– Me skal forsterka dagens demning. Ikkje fordi den er usikker eller utgjer ein fare på noko som helst vis, men fordi me er pålagt å følga stadig strengare krav i regelverket knytt til slike demningar, seier Reidar Birkeland.
Saman med suldølen Endre Kvæstad utgjer han Statkraft sitt prosjektleiarteam, som i dei siste åra har arbeid med planane ”Rehabilitering Dam Svartavatn”.
Demninga på Svartavatn på Røldalsfjellet blei bygd i 1927. Opp gjennom åra har det blitt gjennomført mindre reparasjonar og vedlikehald på demninga, men elles har den opprinnelege damkonstruksjonen stått støtt i alle 89 åra.
Nye krav frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjer at demninga må forsterkast for å tola større flommar og tilfredsstilla dagens krav til funksjon og stabilitet. Dette betyr at dammen skal forsterkast med ein ny sjølvberande, tungt armert betongplate på vassida, pluss at dammen skal forsterkast med ein armert påstøyp rundt pilarane på nedstraumssida. I tillegg skal det etablerast ei ny botntappeventil.Totalt vil arbeidet kreva rundt 3 000 kubikkmeter betong.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.