KINO MEIR POP: Kinobesøket gjekk opp i fjor. Kinosjef Astrid Espeland håpar at den kommunale kinoen på sikt kan gå i økonomisk balanse. (Foto: Frank Waal)
KINO MEIR POP: Kinobesøket gjekk opp i fjor. Kinosjef Astrid Espeland håpar at den kommunale kinoen på sikt kan gå i økonomisk balanse. (Foto: Frank Waal)

Blir sjef for kulturhuset

Astrid Espeland går frå stillinga som redaktør og dagleg leiar i Suldalsposten til jobben som leiar av kulturhuset i Sauda.

– Eg trur dette blir ein allsidig og kjekk jobb. Eg veit eg får gode folk med meg. Og det eg ikkje kan sjølv, kan andre hjelpe meg med, seier Astrid Espeland.

I dag, onsdag, blei 54-åringen oppringt av kommunalsjef Jakob Svandal i Sauda kommune og tilbode jobben som kulturhusleiar.

Astrid Espeland er saudabu, men har dei siste fjorten åra jobba i lokalavisa Suldalsposten. Dei siste fire åra har ho leia avisa gjennom rolla som både dagleg leiar og redaktør. I dag fortalde ho kollegaene sine at ho sluttar for å begynna i ei heilt ny yrkesrolle i heimbygda.

– Eg har vore i Suldalsposten sidan 2002 og hatt fantastisk kjekke år. Nå skal det bli kjekt å jobbe blant sine eigne i Sauda. Då eg såg stillinga såg eg med ein gong at denne jobbe hadde eg lyst på. Eg er veldig stolt og glad for at eg har blitt vist tilliten, seier Espeland.

Det var 21 personar, av dei 15 kvinner, som søkte då jobben som sjef for kulturhuset blei lyst ut i februar. Tolv av dei som søkte har heimeadresse i Sauda.

Kommunalsjef Jakob Svandal er glad for at Sauda nå har fått tilsett ein sjef for kulturhuset. Han fortel at det var mange gode kandidatar til stillinga.

– Me er veldig glade for at Astrid tar jobben. Ho var førstevalet vårt, seier han til Ryfylke.

Planen er at Astrid Espeland startar i stillinga i august. Målet til kommunen er at kulturhuset skal vera klart til bruk i november 2017.