Vil gi plass til fleire hytter

Ny reguleringsplan opnar moglegheita for å bygge ut og fortette hyttefeltet kor hytteeventyret i Svandalen starta.

Det uttalte målet til saudasamfunnet og Sauda Vekst for antal hytter i Svandalen er at området etter kvart skal ha 1 000 hytter og leilegheiter. I dag er det omlag 550 hytter og leilegheiter i området.

Utbyggar for hyttefeltet i Djuvsbotn, Berge Sag AS, har i fleire år jobba saman med grunneigarane for å legge til rette for ytterlegare utbygging og fortetting i hyttefeltet som i dag er godkjent for 60 hytter. I tillegg er det seks eldre hytter i feltet. Det er Jorunn Øye Rossebø og Bjørn Egil Rossebø som er grunneigarar. Dei tok over i 2013.

– Me har ikkje noko hastverk med utbygginga, men det er naturleg å sjå på det nå og inkludere det i ein ny reguleringsplan. Det viktigaste nå har vore å rydde i uregelrettane som er i dag rundt vegar, seier Bjørn Egil Rossebø.

I forslaget til ny reguleringsplan er det særleg to punkt som har ført til innspel frå hyttenaboar. Det eine er at dei mange vegane som ikkje er regulerte i den nye planen er regulerte og ein del av området. Det andre er eit område som er teikna inn øvst i hyttefeltet, kor grunneigarane har lagt opp til ein parkeringsplass og eit såkalla næringsbygg.

Basert på innspela som har komme til kommunen, er det tydeleg at både hytteforeininga og privatpersonar med hytte i feltet er svært kritiske til det dei fryktar skal bli ein gigantisk parkeringsplass.

Det har aldri vore planen, opplyser grunneigarane. I tillegg til ein liten parkeringsplass ønsker dei å reise ein garasje tråkkemaskinen kan nytte seg av.

– For oss er det viktig å ivareta og sikre friluftsområdet Djuvsbotn. På sommartid i dag køyrer folk heilt inn til stølsområdet. Med parkeringsplassen for andre enn hyttefolk lenger nede vil me stanse trafikken før det flotte støls- og rekreasjonsområdet, seier Jorunn Øye Rossebø.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.