*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
LEIAR VERKET: Rune Dolmen gjekk frå stillinga som driftssjef til verksdirektør i september 2015. (Foto: Ingvil Bakka)

Over ein halv milliard i pluss

Eramet Norway sitt driftsresultat for 2015 landa på 647 millionar kroner, men dei norske smelteverka kan ikkje kvila på laurbæra i år heller.

– 2015 var eit godt resultatmessig år. Me har planar om full produksjon i første halvår i 2016, men me veit foreløpig lite om kva som ventar oss i andre halvår, seier Rune Dolmen, verksdirektør ved Eramet Norway Sauda.

Alle større investeringsprosjekt i den norske organisasjonen er foreløpig sett på vent.

Den norske avdelinga av det franske konsernet består av verka i Sauda, Porsgrunn og Kvinesdal.

Eramet Norway sine rekneskapstal for fjoråret viser eit driftsresultat på 647 millionar kroner. Dette er heile 410 millionar meir enn i 2014. Medan dei tre norske erametverka omsette for 4,2 milliardar kroner i 2014, var dette talet stige til 4,7 milliardar i fjor. Dette betyr eit 2015-driftsresultat som ligg på 14 prosent av omsetninga, noko Dolmen karakteriserer som ein sunn økonomi i industriverda Eramet er ein del av. Både valutaeffektar og salsprisar har bidratt til dei positive tala.

– Råvareprisane halverte seg i 2015 samanlikna med 2014. I tillegg har forbetringsarbeidet vårt, i åra mellom 2011 og 2015, resultert i 200 millionar kroner i reduserte driftskostnader årleg, kommenterer Dolmen.

Eramet Norway hadde i 2015 ein produksjon heilt i tråd med budsjettet, der produksjonen av raffinerte produkt låg på to prosent meir enn budsjettert.

Begge omnane var i drift heile året i fjor, sjølv om det blir rapportert om vanskelege driftsforhold på omn 12 store delar av året. Omn 11 gjekk godt, med unntak av eit trafohavari i august, som reduserte produksjonen noko før ein fekk på plass ein reservetransformator.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.