Høg trivsel blant ungdommane

Ungdommane i Sauda trivst på skulen og heime, viser ei stor ungdomsundersøking.

95 prosent av elevane ved Sauda ungdomsskule opplyser at dei trivst på skulen. 87 prosent opplyser at dei er fornøgd med foreldra sine. Dette kjem fram av ei stor ungdomsundersøking som blei gjennomført i Sauda i februar.

Kåre Rød, som er ansvarleg for undersøkinga i Sauda, er godt fornøgd med resultata. 80 prosent av norske kommunar deltar i undersøkinga. Rød viser til kva ansvarleg for undersøkinga nasjonalt skreiv då han sendte resultata til Sauda ungdomsskule.

«Dette er hyggelig lesing. Livet ser fortsatt ut til å vere godt i Sauda»

Undersøkinga var gjennomført for alle elevane på ungdomsskulen og alle elevane som går førsteåret på Sauda vidaregåande skule.

Samanlikna med snittet i Norge er ungdommane i Sauda meir fornøgde med vennene sine, foreldra sine og lokalmiljøet. Ungdommane i Sauda er også mindre einsame og er mindre depressive enn andre ungdommar i Norge. Saudaungdommane skulkar også mindre enn sine medelevar andre stader i landet.

Kåre Rød meiner det er ein viktig grunnpilar i livet å ha det bra heime og på skulen.

På Sauda ungdomsskule er det færre som oppgir at dei blir mobba enn landsgjennomsnittet. Det er også færre som røyker og snuser. 

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.