Nærmar seg opning i Almannajuvet

Til hausten opnar turistanlegget i Almannajuvet. Før helga fekk inviterte gjester ei omvising.

Det som begynte som eit lite turistanlegg til få millionar kroner, har vakse til eit stort turistanlegg som for lengst har passert 62 millionar kroner i byggekostnader. I takt med stadige utsettingar av opningsdatoar, eller rettare sagt opningsår, og stadig større millionrekningar, har prosjektleiar Arne O. Moen stadig vekk måtte forklare at ting tar lengre tid enn tenkt.

Men snart er anlegget klart for opning. Riktig nok tør ikkje Statens vegvesen sette ein dato. Den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor styrer utbygginga til minste detaljnivå. Handverkarar og entreprenørane må bare akseptere at detaljstyringa er på ein måte som dei aldri har opplevd før.

– Firmaene som har vore med på prosjektet i Almannajuvet vil aldri få oppleve noko slikt igjen. Det har vore ei eventyrleg reise, seier Mestas anleggsleiar Per A. Rasmussen.

Sidan 2009 har han reist eit par gonger i veka til Sauda og følgt utbygginga. Prosjektet har vakse i kompleksitet i løpet av desse åra.

– For Zumthor handlar det om kvalitet, kvalitet og kvalitet. Det er heilt ekstremt og det er utruleg krevande å vere med på, men det er ei ære å få vere med på noko slikt, seier Rasmussen.

Han peiker ned på fundamenteringa av det tredje og siste bygget.

– Dette er den mest kompliserte fundamenteringa som er utført på eit bygg i Norge, meiner anleggsleiaren.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.