*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
HER BLIR DET NYTT: Dagens kiosk og ”død-arealet” langs Haakonsgata skal fornyast. Målet er å gjera stadionanlegget endå meir attraktivt for store og små saudabuar. (Foto: Ingvil Bakka)

Store planar for stadion

Sauda idrettslag vil endra på heile inngangspartiet – og laga område for nye aktivitetar.

– Målet er at stadionområdet skal bli senteret for all sommar-aktivitet i Sauda, seier Håvard Rosnes, leiar i Sauda idrettslag.

Han fortel at idrettslaget har jobba med utviklingsplanane for stadion heilt sidan kunstgrasbanen stod ferdig i 2009. Nå har ”Utviklingsprosjekt Sauda Stadion” ei kostnadsramme på 1,3 millionar kroner og inneber blant anna ein ny kiosk, eit aktivitetsområde for barn og ein utandørs treningspark.

Kiosken som i dag står på stadion blei bygd ein gong på 80-talet, er enkelt innreia, har låg elektrisk kapasitet, har ikkje innlagt vatn og tilfredsstiller ikkje Mattilsynets krav til hygiene i varig kioskdrift. Nå vil idrettslaget bygga ein ny kiosk i området.

– Me vil bygga kiosken nærare vegen, slik at me får eit naturleg område mellom kiosken og baneanlegget, der folk kan sitta og eta og sjå på aktivitetane på stadion, forklarer Rosnes.

Idrettslaget ønsker også å ta i bruk det kommunale området langs vegen vis-a-vis det gamle speidarhuset. Her er planen å bygga eit aktivitetsområde for barn, spesielt retta mot mindre barn. Tanken er å kunna sysselsetta søsken av barn som er opptatt med sportslege aktivitetar på stadion.

– Små barn blir gjerne leie av å bare sjå på. Nå vil me legga til rette for at dei også kan aktivisera seg når dei er på stadion saman med foreldra og søskena sine, seier Rosnes.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.