EIN GOD PLASS Å VERE: Sauda vidaregåande skule, kor Johannes Frøystad er elevrådsleiar, kjem svært godt ut av den nasjonale skuleundersøkinga som blei offentleggjort denne veka. (Foto: Even Emberland)
EIN GOD PLASS Å VERE: Sauda vidaregåande skule, kor Johannes Frøystad er elevrådsleiar, kjem svært godt ut av den nasjonale skuleundersøkinga som blei offentleggjort denne veka. (Foto: Even Emberland)

Blant dei beste skulane i landet

Sauda vidaregåande skule er topp 30 i nasjonal skuleundersøking.

At skular skal målast og testast er ikkje nytt. Seinast denne veka blei resultata frå ei nasjonal undersøking offentleggjort. Der kjem Sauda vidaregåande svært godt ut.

Målt på skulekvalitet er Sauda nest best i Rogaland med verdien 4,3. I fylket er Karmsund videregående skole best med verdien 4,5. På landsbasis er Sauda vidaregåande skule blant dei 20-30 beste skulane. 359 vidaregåande skular var med i undersøkinga.

Skulekvaliteten er i denne undersøkinga målt som eit gjennomsnitt av sju skulebidragsindikatorar ein kan finne i ein eigen boks på denne sida.

Rektor Oskar Waage-Pettersen er ikkje overbevist om at undersøkinga gir fasit for korleis ståa er i Sauda samanlikna med andre skular.

– I utgangspunktet er eg litt skeptisk til slike undersøkingar, for dei fortel ikkje alt. Det er mykje som er målt her, men også veldig mykje som ikkje er med. Når det er sagt, synest me det er kjempebra når me kjem så godt ut. Det viser at det er dyktige elevar og lærarar her, forklarer Waage-Pettersen.

Elevrådsleiar Johannes Frøystad er òg positivt overraska over kor godt Sauda kjem ut av undersøkinga.

– Det er eit veldig godt resultat. Eg vil òg seie at det er eit godt skulemiljø og sosialt miljø her. Samarbeidet mellom elevrådet og skuleleiinga er godt, og lærarane er trivelege og står på for oss. Forhåpentlegvis gjer slike undersøkingar at Sauda kan bli sett på som ein meir attraktiv plass for elevar på vidaregåande, seier Frøystad.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.