Ueinige om vigsel av homofile

Den eine seier ja, den andre seier nei. Begge er likevel tydelege på at dei vil halde fram med deira arbeid i Sauda kyrkje.

Måndag i førre veke sa den norske kyrkja ja til vigsel av homofile på Kirkemøtet. Det utløyste eit skred av reservasjonar frå prestar som ikkje vil vie likekjønna par landet rundt. Mellom anna blei det laga eit opprop for nåverande og tidlegare prestar.

233 prestar har skrive under på oppropet. Dei reserverer seg mot å vie likekjønna. Éin av dei 233 er Sauda-presten Arild Markussen. Han er også prest i Suldal og fengselsprest i Sandeid fengsel.

– Bibelens ord seier at det ikkje skal vere slik. Det går ikkje på dei homofile, det er ikkje noko vondt om dei. Alle slit med å følge Bibelen og kva den seier, men dette er eit prinsipielt ja/nei-spørsmål, og for meg er Bibelen tydeleg på at det ikkje går an. Og då tenker eg ikkje på gamaltestamentlege lovar, med det både Jesus og særleg hans apostlar seier klårt gjennom ord i nyestamentet, seier Markussen.

– Det blir av fleire peika på at homofili i antikken er noko anna enn homofili i dag. Kva tenker du om det?

– Då synest eg det er verdt å poengtere at det også er fleire fagfolk på antikk kultur som har kommentert dette. Dei seier at slike påstandar ikkje stemmer. Det er med på å gjere at eg tolkar det nye testamentet slik eg gjer, forklarer Markussen.

Sokneprest i Sauda, Espen Gya, deler ikkje Markussen sitt syn på saka. Soknepresten er tydeleg på at han ikkje vil reservere seg, men at han vil følge den nye vigselsliturgien. Den kan bli gjeldande i 2017.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.