I førre veke blei det offentleggjort at Bartec Technor legg ned produksjonskontoret i Sauda med 26 tilhøyrande arbeidsplassar.
Les også: Det er slutt for Technor
Prosessen med å vurdere nedlegging av fabrikken i Sauda, blei ifølge administrerande direktør i Bartec Technor, Halvor Lunde, starta i februar. Det er dei tilsette i Sauda ueinige i.
– Me meiner prosessen starta lenge før 11. februar, som var dagen me fekk beskjed. Eg føler at dette nesten ikkje kan vere Norge. Her skal det vere demokrati, men dette har ikkje likna på det, seier leiar av verneombodet hos Technor, Knut Egil Halland.
Ottar Løland har sidan 31. mars vore dei tilsette sin representant i styret i Bartec Technor. Han er også leiar av klubben som organiserer dei tilsette i Fellesforbundet. Også Løland synest dei tilsette i Sauda, han sjølv inkludert, har blitt lurt av administrerande direktør Lunde og den sentrale leiinga.
– Det har vore dialog, men ikkje meir enn det loven krev. Me trudde det kom til å gå denne vegen då me fekk beskjed 11. februar, men me blei litt optimistiske då me fekk jobba fram dei økonomiske tala til oss i Sauda samanlikna med kontoret i Stavanger, seier Løland.
Les også: Difor legg Technor ned
Ifølge dei to viser tala at produksjonskontoret i Sauda gått med marginalt underskot medan sal- og servicekontoret i Stavanger har tapt mykje pengar dei siste ni månadene, når marknaden har vore vanskeleg.
– Me har hatt folk permitterte sidan i fjor sommar. Dei har vore permitterte på grunn av sviktande ordretilgang. Det er klart at me i forbindelse med sviktande ordretilgang har diskutert og vurdert korleis me skulle løyse dette. Styret fatta eit formelt vedtak 9. februar kor dei instruerte leiinga om å gjere ei formell vurdering av å legge ned i Sauda, seier administrerande direktør i Bartec Technor, Halvor Lunde.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.