Ti år etter at Inosa vart starta opp som selskap i Sauda, har dei sikra seg ei rekke kundar innan prosessindustrien. Målet har heile tida vore å jobbe seg inn på nye marknader. Nå har Inosa inngått avtale med Saudefaldene.
Kraftprodusenten i Sauda skal bruke Inosas verktøy for kvalitets- og HMS-styring.
– Det er ein fordel for oss at den første kraftkunden vår held til i Sauda. Me skal bruke denne avtalen til å bygge opp vår kompetanse innan kraftindustrien. Me håper denne avtalen kan vere ein døropnar inn i kraftbransjen, seier dagleg leiar i Inosa, Bente Baugstø.
Ho ser kraftprodusentar som ei attraktiv kundegruppe sidan dei ikkje er så konjunkturutsette som andre næringar, og fordi det alltid vil vere vasskraftproduksjon i Norge.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.