Nedlegginga av Technor er eit tungt slag for saudasamfunnet. Ordførar, Asbjørn Birkeland (Sp) og varaordførar, Asle Rafdal (Ap), skildra det som tragisk for Sauda, fordi alle arbeidsplassane ved bedrifta forsvinn, samstundes som det får ringverknader. Technor har nytta seg av fleire lokale tenester og produkt.
For dei lokale bedriftene som nedlegginga får ringverknader for, er det mest utfordrande for Sauda Maskinering.
– Per i dag ser det ikkje ut som at me treng kutte i talet på tilsette, men det kan vere ein fare for at me må gjere det seinare. Me har hatt rundt ti millionar kroner i omsetnad per år dei siste åra, og fem-seks av dei har vore knytta til Technor. Det er klart det er krevjande, seier dagleg leiar i Sauda Maskinering, Odd-Åge Hustveit.
I dag er det fire tilsette ved bedrifta, som sel og leiger ut produkt både til lokale kundar som HS Maskin og Weldone, men også til større firma utanbygds. Sauda Maskinering produserer og leverer hovudsakeleg til offshorenæringa.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.