OLYMPUS DIGITAL CAMERA
REKORDHUS: Denne bustaden på Grønsdal, nær golfbanen og Rødstjødna, blei nyleg selt for fire millionar kroner. Det er rekord i Sauda. (Foto: Eiendomsmegler Vest)

Rekordkjøp i Sauda

Huset på Grønsdal slo prisrekorden på den private marknaden med god margin.

Funkishuset nær toppen av Grønsdal i Saudasjøen blei lagt ut for sal i haust til 4,5 millionar kroner. Nå er det selt. Kjøparane er Siri Arnøy Årthun og Olaf Årthun. Dei betalte fire millionar kroner for huset, noko som er ny rekord for kjøp og sal på den private bustadmarknaden i nyare tid i Sauda.

Frå tidlegare er fire eigedommar som kvar kosta rundt 3,1 millionar kroner dei dyraste som har vore selt på den private marknaden.

– Det er jo litt dyrt, men me føler me har gjort eit godt kjøp. Med tanke på seinare år er det ikkje utgifter på vedlikehald, alt av til dømes tak, vindauge og kledning er jo nytt. Me har fått gode tilbakemeldingar frå meklaren på at det er ein pris me bør vere fornøgde med, seier Siri Arnøy Årthun.

Etter planen flyttar familien inn i deira nye bustad 1. juli.

Huset er på 183 kvadratmeter, i tillegg til terrasse og garasje. På dei kvadratmeterane er det mellom anna tre soverom, to stover og to bad. Sjølve eigedommen er 1 058 kvadratmeter stor.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.