OFFSHORETILSETTE: Bjarte Lygre (til venstre) og Ottar Hardeland har i 30 år jobba offshore. Helikopterulykka fredag gjer inntrykk, men dei føler dei har ein trygg arbeidsplass. (Foto: Frank Waal)
OFFSHORETILSETTE: Bjarte Lygre (til venstre) og Ottar Hardeland har i 30 år jobba offshore. Helikopterulykka fredag gjer inntrykk, men dei føler dei har ein trygg arbeidsplass. (Foto: Frank Waal)

Prega av ulykka

Offshorearbeidarane Bjarte Lygre og Ottar Hardeland innrømmer at det går nokre tankar gjennom hovudet, etter at offshoremiljøet blei ramma av helikopterulykka.

Ingen av dei 13 som omkom i helikopterulykka fredag er busett i Sauda. I dag er det rundt 50 offshore-arbeidarar som bur i Sauda kommune. Bjarte Lygre og Ottar Hardeland er to av desse.

– Eg må innrømme at eg kjenner litt på det, seier Lygre.

For to og ei halv veke sidan drog han ut på Gullfaks B.

– Eg var der i ei veke, som var planen. Skulle eg vore der i 14 dagar så hadde eg vore ombord i helikopteret som styrta. Det har eg tenkte ein del på dei siste dagane seier, Lygre.

På torsdag skal Hardeland ut i 14 dagar. Han arbeider på Valhall.

– Det eg tenker mest på nå er at eg ikkje skal fly ut med den same helikoptertypen som ramla ned, seier Hardeland.

Sjølv om dei to er ærlege på at dei vil tenke ein del på ulykka når dei i tida framover skal fly til og frå felta dei arbeider på, føler dei at dei har ein trygg arbeidsplass.

– Ser du på statistikken så er det trygt å arbeide offshore. Og blir eg sjuk vil eg heller bli sjuk på ein plattform enn i Sauda. I løpet av ei time er eg på sjukehus, seier Lygre.

Men begge har også opplevd hendingar som minner dei på at det er ein risiko å arbeide som nordsjøarbeidar.

– Eg har vore med på ei nødlanding med den same helikoptertypen. Etter ti minutt flyging fall eit varmeelement av halerotoren og gjekk gjennom haleskroget. Me hørte eit smell og det blei vibrasjonar. Helikopteret snudde og flaug lågt og sakte tilbake til plattforma. Det var lange 30 minutt, seier Hardeland.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.