STERK: Thomas Finshus vann tysdag Vårkaaten for femte året på rad. (Foto: Ingvil Bakka)
STERK: Thomas Finshus vann tysdag Vårkaaten for femte året på rad. (Foto: Ingvil Bakka)

Sette ny løyperekord

Thomas Finshus klarte målet sitt og vann Vårkaaten på tida 15.44.

– Eg er fornøgd med den. Eg hadde ikkje trudd at eg skulle komma så langt ned på 15-talet, seier 28-åringen.

I 2013 sprang Thomas Finshus opp til Rondehaugen på tida 16.03, ein rekord som han seinare har slitt med å slå. I fjor, då store delar av løypa var snødekt, vann han på tida 17.10. Nokre dagar før årets løp i Sauda, sa Finshus til Ryfylke at han ville bli svært skuffa om han ikkje kom ned på 15-talet. Tysdag slo han sin eigen løyperekord med 19 sekund.

Finshus fortel at han ikkje kikka på klokka si på veg opp mot Rondehaugen.

– Det var bare å kjøra på. Men det var mange folk i løypa som heia og sa at eg låg godt an til å klara rekorden. Det motiverte, seier Finshus, som sprang i mål på 15 minutt og 44 sekund.

I år var heile løypa opp til det 480 meter høge utsiktspunktet på Rondehaugen snøfri. Likevel, regnvêret dei siste dagane hadde gjort store delar av løypa våt og gjørmete med mange glatte parti.

– Spesielt dei siste 500 metrane var sørpete og glatte. Det hadde vore langt betre med fast snø, innrømmer han.

Tysdagens siger er den femte Vårkaaten-sigeren i rekka for Thomas Finshus. Han utelukkar ikkje at det kan bli fleire turar til Sauda og Rondehaugen.

– Eg håpar at folk i Sauda ikkje blir leie av meg. Eg liker meg i Sauda, og håpar at tida mi kan motivera unge til å konkurrera. Eg vil prøva å setta nye rekordar, det er jo bare å trena på, seier 28-åringen blidt.

Den spreke skjoldastraumbuen har også deltatt fleire gonger i Saudas største motbakkeløp; Hovlandsnuten Opp. Det er uvisst om han deltar i dette løpet i juni i år.

– Det krasjar med Norgescup-løpet Gullfjellet Opp i Bergen. Eg hadde eigentleg tenkt å delta i alle cup-løpa i år, men samtidig er det så veldig kjekt i Sauda. Eg har ikkje bestemt meg ennå, innrømmer Thomas Finshus.