*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SAUDAS JUNIORLAG MED FIRE STRAKE: Bak frå venstre: Inge Løyning (hovudtrenar), Rolf Tore Valskaar (lagleiar), Harry Øverland, Kristoffer Bjelland, Inge Valskaar, Emil Dyre Jordal, Daniel Fatnes, Simen Hølland, Abdullai Ibrahim, Nils Petter Øvrebø (trenar), Bjørn Arve Bjelland (trenar). I midten frå venstre: Fredrik Fløgstad, Kristian Birkeland, Mattis Rovik, Ådne Listøl, Fadi Omar, Amund Løyning, Jonas Øvrebø. Framme frå venstre: Eirik Løken, Even Kvaløy, Mahad Ibrahim, Magnus Dolmen, Matias Garcia Johannesen, Kevin Bjelland, Benjamin Granberg og Brage Lien. (Foto: Ingvil Bakka)

Sterk juniordebut av Sauda

Det unge og ferske juniorlaget var førebudd på ein tung sesong. Etter fire serierundar toppar dei tabellen etter fire sterke sigrar.

– Ein skikkeleg pangstart. Me er eit ungt lag med 15-, 16- og 17-åringar, og møter sterke 19-åringar. Me synest sjølv det er ganske imponerande at me har klart oss så bra så langt i sesongen. Lagmoralen er på topp, seier Kristian Birkeland, kaptein på Sauda sitt juniorlag i fotball.

Sauda har så langt spelt fire kampar i serien G19, avdeling 4, i andre divisjon. Debutkampen heime mot Stegaberg 6. april vann dei 4-3. Den første bortekampen var mot Haugar, ein kamp Sauda vann lett 3-0. Også i den tredje seriekampen blei det siger, då saudagutane slo Djerv 1919 5-1 i Haugesund.

Den beste og desidert mest spennande oppgjeret var heimekampen mot erkerivalen Ølen sist måndag.

– Me har aldri slått Ølen før. Dei var mykje betre enn oss i første omgang, men stillinga var 2-2 til pause. Likevel greidde me å komma tilbake, og me vann kampen til slutt 6-2, fortel kaptein Birkeland.

Også hovudtrenar Inge Løyning er superstolt etter Ølen-kampen.

– Det er utan tvil den råaste kampen eg har sett. Spelarane våre gjekk frå å forsvara seg til å angripa med stor styrke og full innsats. Me fekk tre kjappe mål og gav Ølen sjokk, før me avslutta med å vinna 6-2, fortel han.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.