FUNNE SKULDIG: Dei to saudabuane som var tiltalt for innsidehandel er i Stavanger tingrett nå dømt til fem månaders fengsel og 90 dagars fengsel. (Screenshot: Google Streetview)
FUNNE SKULDIG: Dei to saudabuane som var tiltalt for innsidehandel er i Stavanger tingrett nå dømt til fem månaders fengsel og 90 dagars fengsel. (Screenshot: Google Streetview)

Dømt til fengsel for innsidehandel

Begge saudabuane blei av Stavanger tingrett funne skuldige. Dommen vil bli anka.

Stavanger tingrett har dømt ein 63 år gamal saudamann til fem månaders fengsel for innsidehandel av aksjar. Mannen må betale tilbake 2,4 millionar kroner som retten meiner mannen har tent på handelen. Han må også betale 30 000 kroner i sakskostnader.

Ein 52 år gamal saudamann er dømt til 90 dagar fengsel for å ha gitt frå seg børssensitiv informasjon om eit oljefunn i februar 2014. I tillegg må han dekke 10 000 kroner i sakskostnader.

Det var denne informasjonen retten meiner 63-åringen brukte til å handle aksjar i oljeselskapet Rocksource ASA, før aksjemarknaden var kjent med funnet. Rocksource-aksjane steig umiddelbart over 100 prosent då oljefunnet på eit seinare tidspunkt blei offentleggjort.

Straffa er lågare enn påstanden Økokrim la fram under den tre veker lange rettssaka i april. Økokrim kravde seks månader fengsel kvar for dei to saudabuane. I tillegg meinte Økokrim at 63-åringen skulle betale tilbake 3,6 millionar kroner frå aksjehandelen.

Advokat Brynjar Meling, som representerer den 63 år gamle saudabuen, er skuffa over dommen.

– Dommen er feil. Min klient har aldri mottatt slik informasjon frå nokon. Det gjeld også for denne saka. Han har drive med aksjar sidan 1975 og er vel vitande om kva som er innsideinformasjon. Han har i alle år vore kjent med kor grensene går, er advokat Brynjar Meling sin første reaksjon på dommen Stavanger tingrett har gitt hans klient, seier Meling.

– Vil din klient anke dommen?

– Det er heilt openbart at me vil anke. Dommen kom for tre timar sidan, og me har alt starta å jobbe med ein anke. Me skal halde ankefristen på to veker, svarer advokat Brynjar Meling.

Advokat Erling Kjærmann, som representerer den 52 år gamle saudabuen, var ikkje tilgjengeleg for ein kommentar før Ryfylke blei sendt til trykkeriet på torsdag.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.