Det er Statens vegvesen som fredag kan opplyse at vegen mellom Sauda og Røldal er open for trafikk frå klokka 15.00. Vegen har fram til i dag vore vinterstengt.
Målet var å få vegen opna til søndag. Nå har Statens vegvesen hatt geolog i fjellet for å sjekke rasfare. Vegvesenet har konkludert med at vegen kan opnast for trafikk.