RÅDHUSGATA 29: Laurdag morgon byrja det å brenne i bygget Øyra bakeri held til i. (Foto: Even Emberland)
RÅDHUSGATA 29: Laurdag morgon byrja det å brenne i bygget Øyra bakeri held til i. (Foto: Even Emberland)

Brann i bakeriet

Det er fare for at brannen skal spreie seg til nærliggande bygg. Politiet opplyser at alle personar i bygget kom seg ut.

Siste oppdatering, klokka 11:30: Harald Eikrem, brannsjef i Sauda kommune, opplyser at brannen ikkje er slokka. Slokkearbeidet pågår framleis.

Laurdag morgon rapporterte Sør-Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Haugesund om brann i bygninga kor Øyra bakeri held til i sentrum.

Eit par timar seinare kom det framleis kraftig røyk frå sentrumsbygget, og politiet og brannvesenet jobba på staden. Harald Viktor Jakobsen i politiet var fungerande innsatsleiar like over klokka ni.

– Alle personane i bygget kom seg ut. Det er framleis fare for spreiing til nærliggande hus, seier innsatsleiaren til Ryfylke.

(Saka held fram under bildet)

SLOKKEARBEID: To og ein halv time etter at meldinga om brannen kom, jobba brannmannskapa framleis med å få kontroll på brannen. (Foto: Even Emberland)

SLOKKEARBEID: To og ein halv time etter at meldinga om brannen kom, jobba brannmannskapa framleis med å få kontroll på brannen. (Foto: Even Emberland)

Forutan politi- og brannmannskap frå Sauda, har det vore politi frå Suldal, Ølen og Vindafjord på staden. Brannmannskap frå Suldal har bistått med ein brannbil og personell, og FIG Sauda (Sivilforsvaret) har vore på staden med 13 personar for å hjelpe i slokkearbeidet.

Også industrivernet frå Eramet stilte med ressursar til arbeidet, mellom anna bidrog dei med mannskap, ambulanse og lufttankar.

– Eg har fått opplyst at det brenn i mjøl og fett. Me prøver å få kontroll på det. Foreløpig er betongdelen i bygget isolert. Nå går me inn i veggen i andre etasje for å hindre at brannen skal spreie seg til trehuset, altså det som står på hjørnet, forklarer brannsjef i Sauda, Harald Eikrem.

– Er det framleis fare for at taket skal rase saman, slik det har blitt rapportert?

– Me har ikkje folk på det flate taket lenger. Me har ein del utstyr som ligg der, men me sender ikkje folk dit. Det er ein følge av dei vurderingane som er gjort på staden, svarer Eikrem.

(Saka held fram under bildet)

HINDRE SPREIING: Brannmannskapa gjekk inn i treveggen på sentrumsbygget for å hindre spreiing til trehuset Øyra bakeri har utsalet sitt i. (Foto: Even Emberland)

HINDRE SPREIING: Brannmannskapa gjekk inn i treveggen på sentrumsbygget for å hindre spreiing til trehuset Øyra bakeri har utsalet sitt i. (Foto: Even Emberland)

Operasjonssentralen i Haugesund opplyser at det var registrert to bebuarar på staden, i tillegg til at det var to personar som jobba på bakeriet på tidspunktet det byrja å brenne.

Dei fekk melding om brannen seks minutter over klokka sju laurdag morgon. Politiet har gått rundt i fleire av dei nærliggande husa for å evakuere personar i bygningane. Sentrum er avstengd som ein følge av slokkearbeidet og all røyken i området.

– Det er giftig røyk som spreier seg. Difor har me sperra av eit stort område. Me har evakuert og sikra at folk i nærliggande bygningar er ute, seier Einar Skålheim i innsatsstyrken til politiet på staden rundt klokka 10.