MÅ SKIFTAST: Det er denne typen elektrisk tilkobling som har vist seg å vere brannfarleg på enkelte Oso varmtvasstankar. Dei færraste i Sauda har denne typen kobling. (Foto: Privat)
MÅ SKIFTAST: Det er denne typen elektrisk tilkobling som har vist seg å vere brannfarleg på enkelte Oso varmtvasstankar. Dei færraste i Sauda har denne typen kobling. (Foto: Privat)

Gjeld ikkje eldre varmtvasstankar

Varmtvasstankar som er utstyrt med brannfarleg tilkobling av merket Oso er produsert i 2010 og januar 2011, opplyser lokal rørhandel, som har blitt nedringt av bekymra huseigarar.

Produsenten av Oso varmtvasstankar har gått ut og oppfordra forbrukarane til å bytte den elektriske tilkoblinga på tanken, då det har vist seg at denne er brannfarlig.

Saka har fått stor medieomtale dei siste dagane. Då Ryfylke omtalte saka fredag, opplevde Sauda Rørhandel telefonstorm frå huseigarar.

– Dei fleste treng ikkje bekymre seg og dei fleste lokale huseigarane med slik tank har alt blitt kontakta, seier Kjetil Rasmussen i Sauda Rørhandel.

Ifølge Rasmussen har nesten alle privatpersonar i Sauda som har nyare Oso varmtvasstank, modellen Super S 120 eller Super S 200.

– Det er kun desse modellane som er produsert i 2010 eller januar 2011 som har brannfarleg tilkobling. Me har alt kontakta dei kundane der me har installert denne type tank, opplyser Rasmussen.

Han kan fortelle at dei fleste huseigarar har varmtvasstankar som er produsert tidlegare enn 2010.

– Desse huseigarane har ingen grunn til å bekymre seg, seier Rasmussen, som fredag har fått svært mange telefonar frå bekymra kundear.

– Me har sikkert fått 50 telefonar, seier Kjetil Rasmussen.