*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
ALT ER BORTE: Ingenting er igjen av Heidi Hambalko sin frisørsalong i Torggata. Nå etablerer ho seg i nye lokal i Brugata, men treng tid på å bygga om dei nye lokala til å ta imot nye frisørkundar. (Foto: Ingvil Bakka)

Mista alt – vil tilbake

Heile frisørsalongen er jevna med jorda etter brannen som starta i Øyra Bakeri laurdag morgon.

– Dette er bare heilt forferdeleg. Eg trur aldri eg har felt så mange tårer nokon gong, seier Heidi Hambalko, innehavar av Herresalongen, frisørsalongen som låg veg-i-vegg med produksjonsavdelinga til Øyra Bakeri i Torggata, midt i Sauda sentrum.

Då Heidi Hambalko vakna laurdag morgon i 08-tida i heimen sin på Litlamo, kikka ho som vanleg ut vindauga, og ståkk då ho såg all røyken frå sentrum. Sjølv om det var umuleg å sjå kor det brann, var Hambalko sikker på at frisørsalongen hennar var ramma.

– Eg sa det; ”eg føler på meg at det er i lokala mine”. Mannen min, Attila, drog ned til sentrum klokka 08.30, og det tok evigheter før han kom heim igjen. Eg såg det på han med ein gong han kom. Då brast det for meg. Alt var tapt, fortel Heidi Hambalko.

Heidi Hambalko har drive frisørsalongen Herresalongen i leigde lokal i Torggata i 15 år. Både bakeribygget og den bygningsmassen der frisørsalongen heldt til, er eigd av Rov Eiendom AS og saudabuen Rasmus Vik. Etter brannen i Øyra Bakeri laurdag morgon er nå heile den rundt 30 kvadratmeter store frisørsalongen jevna med jorda.

Herresalongen blei drive som eit såkalla einmannsforetak, der Heidi Hambalko var einaste tilsette. Ho håpar at innbuforsikringa hennar går i orden, men manglande avbodsforsikring gjer at Hambalko nå står på bar bakke når det gjeld tapt arbeidsforteneste.

– Eg hadde fulle timelister heilt fram til ferien min, 18. juli. Eg følte at eg nå endeleg hadde fått jobba meg opp og kunne driva godt økonomisk. Men så skjedde altså dette, seier 47-åringen, tydeleg prega.

I dag er alle timelistene brent opp, og mange menn har ikkje lenger ein ventande klippetime hos Heidi.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.