Etter to av dei tre øvingane leia Juvet Hugdal med 100 kilo på næraste konkurrent. Ho trengte derfor bare eitt godkjent løft i den siste øvinga for å sikre gullet. Då ho fekk godkjent 170 kilo i markløft i første forsøk var samanlagt-gullet sikra. Deretter løfta ho 180 kilo og 185 kilo.
Totalt enda saudaløftaren på 632,5 kilo, etter å ha løfta 240 kilo i knebøy og 207,5 kilo i benkpress. Dette er 27,5 kilo over VM-kravet, og dermed er saudajenta kavlifisert for VM i styrkeløft i Orlando i USA i november.
Saudaløftaren opplyste at ho var svært spent på formen då ho før helga sette kursen til Trondheim for å delta i NM. Juvet Hugdal er eit stykke unna toppformen då ho på grunn av mammapermisjon prioriterte bort toppidrettssatsinga nokre år.
– Eg er letta. VM-kravet var målet og nå er 20 kilo borte frå skuldrene mine. Det var deilig, sier Hildeborg Juvet Hugdal på telefon til Ryfylke kort tid etter at NM-gullet og VM-kravet var i boks.
Ho er mest fornøgd med knebøy.
– Det gjekk bedre enn frykta. Men eg kjente det i ryggen og stod over det siste forsøket. Markløft gjekk også bedre enn eg håpa. Der løfta eg 20 kilo under den personlege rekorden min. Det er eg fornøgd med, seier Juvet Hugdal.
Benkpress er den øvinga ho er minst fornøgd med.
– Eg burde fått opp 212,5 kilo. Den hadde eg inne. Men fem kilo frå eller til i dag har ingenting å seie i dag, konkluderer Hildeborg Juvet Hugdal i den andre enden av telefonen.
Ho innrømmer at ryggen og bekkenet framleis er problematiske, men på den positive sida er det seks månader til VM.
– Men eg kjem nok til å kjenne denne konkurransen på kroppen i morgon, seier den ferske gullmedalje-vinnaren.
Lene Thorén frå Sande KK blei nummer to i klassen 84 kilo pluss. Ho enda 115 poeng bak Juvet Hugdal. Kine Helene Fossbakk frå TSI Styrkeløft vart nummer tre, 122,5 kilo bak saudautøvaren.